| Hovedside | Info | Bakgrunn | Turstiar | Husa | Styre og Stell | Båtboka | Leidarsteidn | Linkar |
| Info | ||
Bømlo Tur- og Sogelag vart
stifta 11. mars 1972 og har ca. 250 medlemmer.
Hovedtyngda av medlemsmassen kjem frå Søre Bømlo. Laget
eig og vedlikeheld 10 hus på søre delen av Bømlo: |
||
![]() |
||
«Laget vedlikeheld også, i samarbeid med Hillestveit skule, 10 gamle ferdsels-stiar mellom gardane på Søre Bømlo. |
||
«Den 19. november 2004 lanserte Bømlo Tur- og Sogelag ei bok om båtane som har vore heimehøyrande på Søre Bømlo og Espevær. Ein har prøvt å gå så langt tilbake i tid som råd er, og har i første rekkje konsentrert seg om båtar over 30 fot. |
||
«Til jul 2001 gav Bømlo Tur- og Sogelag ut første nummer av eit heftet kalla “Leidarsteidn”. Kvart år seinare har laget gitt ut slike hefte. Her finn ein lokalhistoriske artiklar og anna stoff frå lokalmiljøet. Heftet vert trykt i 800 eksemplar og vert svart godt motteke. |
||
«Laget har to faste årlege arrangement, tur til Bergeseidet Skjærtorsdag og krabbafest ein gong i september månad. Vidare prøver ein å få til medlemstur til ein sjåverdig stad i distriktet, og tur på ein av dei mange fine stiane som laget disponerer. Innimellom lagar ein til medlemskveldar, gjerne med spekemat og rømmegraut. |
||