| Hovedside | Info | Bakgrunn | Turstiar | Husa | Styre og Stell | Båtboka | Leidarsteidn | Linkar |
| Bakgrunn | ||
På Søre Bømlo har levemåten skift mykje om gjennom dei siste 50 åra. Før levde folk av jordbruk og fiske, slik det hadde vore i uminnelege tider. Gardane var delt i 4 - 5 bruk. Til kvart bruk høyrde innmark med åker og eng, og utmark med torvmyrer, beite, lyng og brake. Bruket fødde gjerne 2 - 3 kyr, nokre smale, kanskje ein hest. Soleis var huslyden sjølvberga med mjelk og kjøt, havre og poteter, ull og brennetorv. Men det var fisket som skaffa dagleg mat til huset. Og fisket skaffa pengar, til naudsynte kjøpmannsvarer. So langt vi veit attende har kvar mann
hatt båt og fiskevelde, alle har drive med heimefiske og
fått husfisk. Til gardane høyrde makrellvågar og
lakseplassar, her tok fiskarane årleg fangst som dei
selde for god pris. Denne øya som stikk nasen ut i
storhavet, har hausta mykje av naturens grøde. I fleire
periodar har vårgytande sild kome strøymande inn i vågar
og viker kring øya. Frå 1820 til -70 var vårsildfisket
så rikt at det skapte velstand i bygda, folketalet auka,
fiskarane auste opp sild i garn og nøter,
sildeeksportørar frå byane bygde saltebuer langs
strendene. Då silda seinare synte seg utpå havet, måtte
fiskarane kjøpa seg dekka skøyter til drivgarnfiske.
Atter kom ei tid med storfiske og velstand,
makrelldorginga i Nordsjøen 1887 - 1914. Ei mengd fartøy
blei kjøpt inn til dette fisket, i Langevåg, Bømlahamn,
Kalavåg, Vespestadvågen lå det fullt av engelske
fiskesluppar og nybygde norske filkekutrar. Etterkvart
blei somme dorgefartøy brukt til sildefiske på island,
vintrafiske med drivgarn, og til fraktfart. Utviklinga
krevde stadig større fartøy, her kom motordrevne
stålskip til Islandsfiske og til snurping om vintrane. Men alt det vi baler med idag, byggjer jo på arbeid som er gjort, liv som er levd her gjennom lange tider. Vi må vita kor vi kjem ifrå, og kor vi høyrer heime. Bømlo Tur og Sogelag har samla gamle arbeidsvelde og gamal husbunad i eit bygdemuseum. Laget har sett istand gamle stover og arbeidshus, og merkt opp gamle stigar gjemmam utmarkene. Folk kan atter vandra på dei gamle stigane, gjera seg kjende med øya si. Frå dei høge toppane: Odno, Havåsen, Bergesfjellet, er det vidt utsyn over land og hav. På lesida i aust mot Bømlafjorden gror det frisk, gamal furuskog, her veks kristtorn, bergflette og purpurlyng, her lever skogsfugl, hjort og hoggorm. Ut mot havet i vest ligg dei verskurte gråberg, der brenningen bryt om boar og nes, der der sjøfuglen hekker og lyngen mot haust kler alt i flammande fargar. Havflata har sokke 6 m på dei siste 6.000 åra. Elles er landskapet slik det lå dengong veidefolket var har på fiske, jakt og fuglefangst, dei som fann grønsteinen på Hespriholmen. Dei gamle tidene kjem nær, og menneska som levde her i landet før oss. Kari Shetlig Hovland |
||